lørdag 28. februar 2009

Det som ikkje skjer.....



Har tenkt mang ein gong - korleis kan vi registere "ting som ikkje skjer" ??    ...eller ting som fungerer - om du vil ? 

Idag er media overfylt av ting som skjer - positive og negative ... Men det som virker/fungerer - korleis verdsetter vi det ?

Vi høyrer om kriser både her og der - likevel er Norge eit av verdens beste land å bu i ...

Sjølvsagt kan vi bli betre - det litt i menneskets natur å utforske og forbetre seg  - på alle måter ... Likevel saknar eg at vi - inklusive media - blir opptekne av ting som fungerer.

Dagbladet prøvde seg for nokre år sidan med ei heil side med berre positive gladnyheter. Det vart visstnok ikkje nokon suksess. Kanskje på tide å prøve på nytt - no har vi andre tider.

Eg hadde vel ikkje skrive dette - viss eg ikkje meinte at eg har evna til å sjå ting som fungerer - og glede meg over det.

 (men sjølvsagt ser og også den andre sida - og ergrar meg grenselaust over det - som eg seier - det skal to ting til for å løyse eit problem/utfordring: 1: Evne 2: Vilje. Du må ha minst ein av desse for at problemet skal kunne løysast. I samfunnet idag sit der personer - i sentrale stillingar - som ikkje evnar nokon av disse to. Dessverre.)   

Ha likevel ein fin dag.