tirsdag 27. januar 2009

Pengar er ikkje lykka ...nei


Viss du nokon gong har trudd at pengar er lukka i livet kan dei spørje han her
Lukka har aldri vore pengar... men sjølvsagt er det tragisk for dei som ikkje har noko - eller strevar for å holde haudet over vatnet.

Pengar er og blir eit betalingsmiddel- ikkje eit mål for det eine eller det andre...

Når det er sagt ... har eg eingong høyrt: Det er vegen til rikdom som er spennande/lukke om du vil ... ikkje sjølve rikdommen (når målet er nådd)

Eg har så eg klarar meg - og er lukkeleg for det...(men drøymen om ein mill. eller 2 i lotto!!!)

søndag 18. januar 2009

FOR SEINT ........


(Å disputere ei fillesak.)

Eg var på intimkonsert igår.
Billettane var forhåndskjøp på nettet med seteplass.
I vestibylen vrimla det med folk – alle såg ut til å vere
nyskjerrige og spente kva som skulle skje frå scena.
Klokka vart kvart over – dørene åpna og folk strøymde
beherska inn i den vesle konsertsalen. Dempa belysning.
Mumling i seteradene. Folk var glade. No var ho halv –
og konserten skulle begynne. Lyset vart heilt borte eit par
sekund...svak, forventningsfull applaus ….
…..og så kom hovedpersonen....
...trudde vi..
Lys bakerst i salen...kviskring..to personer kjem
ned benkeradene... dei same personane som ALLTID kjem
forseint. Dei helsar og smiler til oss andre.
Er desse personane ute etter spesiell oppmersomhet?
Dei får oppmerksomhet...
Men positiv? - ikkje for oss
Vi synest det heile er flaut – ovafor artisten – som blir forstyrra
..og alle oss andre som er klar for forestilling.
Kvifor er enkelte ALLTID forseine til møter og alle typar arrangement?
Kan dei ikkje klokka? – kan dei ikkje berekna tida....

Er dei ikkje klar over alt det sosiale dei går glipp av...
...vrimlinga i vestibylen før forestilling.....slå av ein prat...
nikke … helse...smile....

Eg berre spør.

tirsdag 13. januar 2009

Sareptas Krukke


Alle veit vi at dersom vi brukar 100kr - er dei "oppbrukt" og vi har 100kr mindre.
Høgg vi ned eit gamalt tre - går det lang tid før eit nytt har vokse opp igjen.
Men smiler vi til naboen - har vi ikkje mindre "smil" igjen.

Oppmerksomhet, omtanke, eit smil, kjærlighet - det kjem frå ei sareptas krukke.

...og ikkje nok med det:

Du som gav oppmerksomheten, omtanken, smilet, kjærligheten - får minst dobbelt så mykje tilbake - som det du gav.

Vær ikkje redd å bli snakka om.
Det er tusen gongar verre - ikkje å bli snakka om.

Ha ein fin dag ;-)

lørdag 3. januar 2009

JANUAR-SAL(G)

No skriv vi Januar – og Januar-sal.
Gjennom gigantstore annonser i avisene
kan vi no lese: Elleville priser. 50-70% rabatt.
Det er ikkje så uvanleg at gjennom eit driftsår
er varer som ikkje blir solgt. Feil størrelse/farge (klær)
eller at markedet er (lokalt) metta.
Men det er ikkje problemet. Idag kjem det NYE varer
inn til salget. Til store rabattar.( Spoooky)
Og dette er årevisst. Like sikkert som at Januar måned kjem.
Kvifor kjøpe ei jakke (eksempel) i desember til kr 999.-
når du i Januar får same jakka for kr 399 ??? Kanskje er ikkje
den desember-kjøpte jakka brukt endå.
Eg kjøper aldri ei dongeri-bukse til «full pris»..
Det er salg 3-4 gonger for året. Dessuten kostar ei dongeri-bukse
idag (veil? pris) - meir enn dengong då ho vart laga i «ville vesten»
Idag er det eit østens produkt. ...og (innkjøps)prisen deretter.
Importør og butikk tjener garantert «fett» på mine «tilbods»bukser og.
Godt salg.