søndag 18. januar 2009

FOR SEINT ........


(Å disputere ei fillesak.)

Eg var på intimkonsert igår.
Billettane var forhåndskjøp på nettet med seteplass.
I vestibylen vrimla det med folk – alle såg ut til å vere
nyskjerrige og spente kva som skulle skje frå scena.
Klokka vart kvart over – dørene åpna og folk strøymde
beherska inn i den vesle konsertsalen. Dempa belysning.
Mumling i seteradene. Folk var glade. No var ho halv –
og konserten skulle begynne. Lyset vart heilt borte eit par
sekund...svak, forventningsfull applaus ….
…..og så kom hovedpersonen....
...trudde vi..
Lys bakerst i salen...kviskring..to personer kjem
ned benkeradene... dei same personane som ALLTID kjem
forseint. Dei helsar og smiler til oss andre.
Er desse personane ute etter spesiell oppmersomhet?
Dei får oppmerksomhet...
Men positiv? - ikkje for oss
Vi synest det heile er flaut – ovafor artisten – som blir forstyrra
..og alle oss andre som er klar for forestilling.
Kvifor er enkelte ALLTID forseine til møter og alle typar arrangement?
Kan dei ikkje klokka? – kan dei ikkje berekna tida....

Er dei ikkje klar over alt det sosiale dei går glipp av...
...vrimlinga i vestibylen før forestilling.....slå av ein prat...
nikke … helse...smile....

Eg berre spør.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar