søndag 30. desember 2012

Fylkeslegen svarar ikkje på spørsmål


I forbindense med ei tilsynssak – som i utgangspunktet var ei klage ifrå meg –på to namngjevne legar på Gloppen Helsesenter - kjem fylkeslege Per Stensland med skuldingar imot meg som eg ikkje kan aksepetere. I avslagsbrevet (tilsynssaka) skriv han blandt anna at eg ikkje snakkar sant om ein time hjå ein lege i Gloppen i 2008. Eg har dokumentert timen - med kvittering på betalt beløp ( bilde under) – men fylkeslegen bryr seg ikkje . Det gjer eg. I same slengen har eg spurt fleire aktuelle spørsmål. Heller ikkje dette er "interessant" for fylkeslegen. Han skjuler seg bak lover og forskrifter.



I siste brev frå Fylkeslegen – opplyser han om min min mulege veg vidare... nemleg å klage til Sivilombudsmannen. Der opplyser han og at Sivilombodsmannen - uavhengig – vurderer om klage skal takast opp til vurdering. Kva kjer dersom Sivilombodsmannen tek saka. Truleg får Fylkelegen uttale seg – uten at eg får innsyn. Då er eg like langt. Dette veit sansynlegvis fylkeslegen. Det handlar ALLTID om evne og vilje – i alle saker. Kva grunn Stensland har for ikkje å svare meg – må han nesten svare på sjølv.

Mine hovespørsmål til Stensland er (fortsatt) :

(Dette har Stensland tidligare inndirekte "godkjent" som god passientbehandling – eg vil berre ha det bekrefta.)

1: Kan ein lege ha time med passient uten å skrive i journalen?

2: Kan ein lege la vere å svare på skriftleg henvendelse ?

3: Kan ein lege avslutte undersøkjinga – når diagnosen/igangsatt behandling(medisin) er feil ? (vikarlege sa diagnosen var feil)

4: Etter snart 10 år (forskjellige legar) – har eg klaga (opplyst om) smerter og ubehag. Etter at eg (den 21.juni 2011) hadde på eige inintiativ – fått time på privat klinikk (Curato) i Bergen – kunne eg "plutseleg på tilsvarande" i det off. (På Nordfjordeid) – Ringer det ingen bjeller hos Helsetilsynet ?

5:Den hovedinnklagde legen – kalla meg inn til møte (etter oppfordring/plikt frå Helsetilsynet) – men avlyste timen då eg bl a stilte krav om "vitne"/helsepersonell tilstades under møtet – er det i god passientånd?

(Spørsmål 1: Gjeld Sele – Spørsmål 2-5 gjeld Sune Kellemann Nybro Laugesen.)

Eg har ingen respekt for maktpersoner eller stillingstitler – eg har kun respekt for menneske.

Vis deg no som eit menneske – og svar på mine spørsmål.

Eg gir meg aldri alikavel – om neste brev blir nødvendig å skrive – vil det inneholde fleire detaljer og fleire spørsmål.



Mvh Lars Bjørkeland

Sandane