søndag 18. november 2012

Utfordrar Fylkeslegen pånytt – gjennom blogginnlegg.

                                                 I eit åpe brev av 26.oktober 2012 -

gjengjeve i Firda Tidend (papirutgåva) – og på firda.origo.no – har eg stilt deg og helsetilsynet nokre spørsmål – som ikkje berre angår min person – du/de har ikkje svart. Eg har sjølvsagt sendt dette direkte til deg i ein epost. Eg har og i ettertid spurt (postmottak/fylkesmannen) om bekrefting/behandlingstid – har ikkje motteke svar.

Sidan eg ikkje har motteke hverken midlertidig (bekreftelse på mottak) eller meir utfyllande svar – vil eg utdjupe mine spørsmål her. For ordens skuld har eg idag sendt deg eit brev med oppheving av taushetsplikta di i forhold til meg og mine pasientopplysningar – so slepp du å forholde deg til den problemstillinga.


1: Løgn? Lyg eg – når eg påstår at eg hadde time med dr Sele (Hallvard Wannag Sele) den 10 des. 2008 – der Sele ikkje har skrive noko i journalen min ?

Helsetilsynet har tidligare fått mi kvittering som Sele skreiv: Kr 110 ekstra (utanom frikort) – fordi eg på det tidspunktet ikkje var tilknytt fastlegeordninga (frivilleg tvang).

Står du/Helstilsynet fast på at eg lyg om denne timen/konsultasjonen?

2: I 2008 klagde eg Laugesen inn til Helsetilsynet fordi han ikkje gav tilsvar/eller kalla meg inn til konsultasjon etter at eg skreiv eit brev til han (om mine plager) -- Helsetilsynet syntes likevel at "dette ikkje var fagleg uforsvarleg"

Har Helsetilsynet same meining/konklusjon idag ?


3: Helstilsynet skriv i svarbrevet på klagen min - at kreften min er uvanleg og vanskeleg å finne. Ja – seier eg då – spesielt når eg ikkje har hatt CT eller MR (grundig undersøkelse) i område mellom hals/lyske – nokon gong....dvs aldri. Likevel seier helsetilsynet at eg har fått god medisinsk behandling. Forklar?

(Eg tok sjølv kontakt med Curato (privat MR-undersøkelse) – sommaren 2011 – men vart då "plutseleg" tilboden MR på Eid) Forklar gjere dette og ?

4: I Nov 2007 klagde eg min nød om sviing og stikking i munnhule (dette oppsto plutseleg) – til min fastlege Laugesen. (Sune Kellemann Nybro Laugesen) Han meinte eg hadde sopp – og eg kjøpte medisin "i dyre dommer". I februar var eg til ny (vikarlege) – som meinte at dette var feil. Laugesen har aldri følgt opp dette – eg fekk ei ekstra utgift (totalt) på kr 2-3000.- . Kva ansvar har legar for medisinsk oppfølging av feildiagnosering og økonomisk utgifter for pasienten ? Legane er jo sjølvstendig næringsdrivande – uten ansvar?

Dette har og Helsetilsynet "godkjent" som god behandling (sitat: ikkje fagleg uforsvarleg)

Har helstilsynet nye tankar ikring dette ?

5: Helsetilsynet pålegg Laugesen å ha møte med meg (truleg etter regelverket) . Eg blir innkalla til Laugesen uten nokon for for info om "kva skjer". Derfor sender eg eit brev til Laugesen der eg krev skriftleg svar – samt helsepersonell(vitne) tilstades og ..(sitat) det er usikkert eg kan bidra med noko (i samtalen) i den situasjonen eg er idag (fysisk/psykisk) (/sitat) Laugenen avlyser timen. Helsetilsynet har ingen kommentar til dette. ( ikkje fagleg uforsvarleg).

Hadde Laugesen rett til å avlyse timen pga mine ønsker/krav ?

6: Tilbud om antidepresseiva. I brev og samtale (10.12.08 / Sele) – får eg tilbod/anbefaling om bruk av kognitiv trening samt antidepressiva. Eg sa sjølvsagt neitakk. Antidepressiva er vanedannande – og ved bruk av desse kan du vere ferdig – som "vanleg person". Det er heilt vanleg – når legar gjev opp – at dei påstår at det er "din eigen feil" – og tilbyr antidepressiva. Heldigvis har/hadde eg meir bein i nasa – enn at eg går/gjekk på den limpinnen. (Namnet på denne legen – som først anbefalte dette – kan Helsetilsynet få av meg – hvis dei ikkje har det alt)

Sidan helsetilsynet meinar dei har sett seg inn i saka – ville de då støtte bruk av antidepressiva - slik situasjonen var i 2008 ?

I utgangspunktet handlar ikkje dette om min person – men om kva nytte ei klaga til helsetilsynet kan ha - for pasienten – sidan legen kan strekke sannheten maksimalt i sin favør – i sitt tilsyns-tilsvar – uten at nokon kan kvalitetssikre/sjekke realitetane i svaret hans. (mitt spørsmål i første brev til deg/Helsetilsynet)

Dette handlar om behandling av menneske ... ikke leiting i regelverk for å finne noko som "passar inn".

Har eg "legofobi" ? Nei - ... dei aller fleste legar har idag sett seg sjølv i den situasjonen at dei blir nøye overvåka (Vi gjer ein svært god jobb – derfor skal vi ha høg betaling). Mitt forhold til legar er (krav) : Tilgjengelegheit, kommunikasjon, empati...- det fagelege har eg ingen mulighet til å kontrollere – men når legen har "god tid"/er roleg og informativ – samt henvender seg til deg (auge til auge).. er mykje vunne. Legane på Haukeland (mine to faste) ligg her lengst framme når det gjeld komunikasjon/tilgjengelegheit (O.Monge/J.Dale). Eg har til og med sagt det til dei - og takka dei for det.

Konkretisering: Når ein overlege ringer meg (uanmeldt) – halv åtte på kvelden for å spørje korleis eg har det – blir eg lett imponert – men det er vel slik det burde vere ?

Eg gjev aldri opp – hverken helsesituasjonen min – eller min rett til å "klage" på behandling/mangel på behandling(undersøkjing).. kall meg gjerne dust og kranglefant (det skal eg tåle) , men ikkje ein løgnar – eg krev difor å bli behandla med respekt.

Det heile "kokar ned til": Kven er til for kven ? Er legane til for pasienten – eller omvendt ?

mvh

Lars Bjørkeland, Sandane -- snart giftkur nr 2 (av 9)

onsdag 7. november 2012

Ope brev til Helsetilsynet v/ fylkeslege Per Stensland.


Spel for galleriet ?


Eit enkelt spørsmål:


Kven kvalitetssikrar legens versjon (partsinnlegg) i ei klagesak/tilsynssak?



Kortversjon: Etter at eg mottok svar ifrå helsetilsynet i mi klagesak – og kunne lese at eg verken var part i saka eller hadde klagerett – vart eg uroleg. Det vart ikkje betre då opplysningane om min sjukdom var feil (feil diagnose) og at helsetilsynet meinte eg "hugsar feil" (helsetilsynet skriv: den påståtte timen) – om ein legetime der eg har lagt fram kvittering for betalt konsultasjon og legen (nr 2) ikkje har skrive noko i journalen. Legen (nr 1 /fastlegen) har heller ikkje opplyst meg om at ein ekstern lege i Førde hadde sett ein Z03.2-diagnose på meg. [Z03.2 – Observasjon ved misstanke om psykiske lidelsar og adferdsforstyrrelsar / asosial adferd – bandeaktivitet – brannstifting – butikktyveri (utdrag) / Kilde: www.KITH.no / Helsedirektoratet] Kva skal ein meine om slikt ? Helsetilsynet meinar iallefall ingenting (i svarbrev til meg). (Eg kunne skrive 4 sider om dette – men det interesserer nok ikkje "mannen i gata")

Eg gjentek gjerne spørsmålet : Dersom ikkje passienten får kvalitetssikre (kommentere) legens versjon i ei klagesak/tilsynssak – kven skal gjere det då ?



mvh Lars Bjørkeland

Sandane