onsdag 7. november 2012

Ope brev til Helsetilsynet v/ fylkeslege Per Stensland.


Spel for galleriet ?


Eit enkelt spørsmål:


Kven kvalitetssikrar legens versjon (partsinnlegg) i ei klagesak/tilsynssak?



Kortversjon: Etter at eg mottok svar ifrå helsetilsynet i mi klagesak – og kunne lese at eg verken var part i saka eller hadde klagerett – vart eg uroleg. Det vart ikkje betre då opplysningane om min sjukdom var feil (feil diagnose) og at helsetilsynet meinte eg "hugsar feil" (helsetilsynet skriv: den påståtte timen) – om ein legetime der eg har lagt fram kvittering for betalt konsultasjon og legen (nr 2) ikkje har skrive noko i journalen. Legen (nr 1 /fastlegen) har heller ikkje opplyst meg om at ein ekstern lege i Førde hadde sett ein Z03.2-diagnose på meg. [Z03.2 – Observasjon ved misstanke om psykiske lidelsar og adferdsforstyrrelsar / asosial adferd – bandeaktivitet – brannstifting – butikktyveri (utdrag) / Kilde: www.KITH.no / Helsedirektoratet] Kva skal ein meine om slikt ? Helsetilsynet meinar iallefall ingenting (i svarbrev til meg). (Eg kunne skrive 4 sider om dette – men det interesserer nok ikkje "mannen i gata")

Eg gjentek gjerne spørsmålet : Dersom ikkje passienten får kvalitetssikre (kommentere) legens versjon i ei klagesak/tilsynssak – kven skal gjere det då ?



mvh Lars Bjørkeland

Sandane



1 kommentar:

  1. Sendte 26.oktober brevet til fmsfpost@fylkesmannen.no - avventar svar derifrå - det kjem meir - følg med .....

    SvarSlett