tirsdag 13. januar 2009

Sareptas Krukke


Alle veit vi at dersom vi brukar 100kr - er dei "oppbrukt" og vi har 100kr mindre.
Høgg vi ned eit gamalt tre - går det lang tid før eit nytt har vokse opp igjen.
Men smiler vi til naboen - har vi ikkje mindre "smil" igjen.

Oppmerksomhet, omtanke, eit smil, kjærlighet - det kjem frå ei sareptas krukke.

...og ikkje nok med det:

Du som gav oppmerksomheten, omtanken, smilet, kjærligheten - får minst dobbelt så mykje tilbake - som det du gav.

Vær ikkje redd å bli snakka om.
Det er tusen gongar verre - ikkje å bli snakka om.

Ha ein fin dag ;-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar