onsdag 16. juli 2014


Den prisbelønte betalingsterminalen til Melin Medical er ikkje tilpassa dei eldste brukarane.

Eg får ikkje kontakt med legane på helsesenteret som har ansvaret for utforminga av betalinssystemet. Melin Medical viser til legane/helsesenteret – i ein mail eg har motteke – når det gjeld detaljer i systemet.

Saka no er at brukarar som får utført tjenester i heimen – f.eks blodprøver – av sjukepleiar – og som ikkje har anleding å møte på helsesenteret for å betale fysisk på terminalen – same dag tjenesta er utført – får rekning og gebyr-tillegg. Det er dette gebyret – samt forklaring – eller rettare sagt – manglande forklaring på korleis dette kan løysast - til det beste for brukararne – eg etterlyser.

Dette synest eg er ei svak ordning og lite brukervennleg. Eg har forsøkt med brev til legar på helsesentert (Benny Hansen 4. mars -14)– uten å få svar. Dette har eg fått opplyst er legen som svarar på spørsmål vedr helsesenteret (felles). Ikkje svar.

Dermed har han rekninga til mor si – latt ligge «på vent» - vedr betaling.

Merlin Medical har svara med inkassovarsel og nye påløpne kostnader.

Eg har og kontakta pr brev – fastlegen til mor – Bjørn Roth-Andenæs (14.mai) Heller ikkje her har det kome svar/forklaring på utfordringa.

Eg har forsøkt «tjenesteveg» - slik som vanleg skikk og bruk er – men når det ikkje kjem respons(svar) frå legane – skriv eg denne bloggen.

Eg ber kommunen legge press på legane ved helsesenteret – for å finne ei løysing. Data er ikkje vanskeleg. Dette er ikkje vanskeleg. Liten vilje og utsikter til ekstrainntekter på gebyrordninga veg nok meir enn brukarvennligheten - i dette tilfelle.

Melin Medical har tidlegare vore i helsedirektoratets søkelys for ulovleg gebyrsetting. (link under)



mvh Lars Bjørkeland / storbrukar av helsetjenester

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar