torsdag 31. juli 2014


Ope brev til Jesper Melin, Melin Medical

Eg har på vegne av mi mor – teke på meg å finne ut av "systemet" ikring – brukervennligheten på betalingsterminalen på Gloppen Helsesenter.

Dette tok eg tak i då mi mor fekk rekning – og gebyr for manglande betaling på terminalen.

Mi mor hadde då motteke tjenester av fastlegen v/helsepersonell (blodprøve) i heimen – Slik systemet er idag – må ho betale på terminalen på helsesenteret SAME DAG – hvis ikkje påløper det gebyr. Dette er etter mi meining – ein absurd situasjon – for folk som knapt kan bevege seg utan rullator.

Først tok eg kontakt med Melin Medical på epost: Der vart eg henvist til helsesentert. Eg sende så brev til kommunelege 1 - Benny Hansen - 4.mars i år. Eg spurte i brevet bl.a. Korleis dette betalingsystemet skulle fungere oppimot dei elste brukarane (behandling/besøk – i heimen). Det har ikkje kome noko svar.

Men eg fekk purring frå Melin Medical – og meir gebyr. Så sendte eg brev til fastlegen til mor - Bjørn Roth-Andenæs 14.mai (Dette er legen Melin Medical krev inn pengar for). Her har det heller ikkje kome noko svar.

Men purringar – med påfølgande gebyr kjem regelmessig. Godt dei har skruktur(orden) på noko – (sarkasme).

Det høyrer og med til historia at mor – ved andre helsebesøk i heimen – hadde frikort – og fekk då opplyst av dei som var innom at: "Då skal du ikkje betale for noko" – men rekning nr 2 kom – og gebyr.

Eg har i epost varsla Melin Medical at rekningane (betaling) – blir lagt på is – inntil det føreligg svar/forklaring på systemet. Istaden kjem det inkassovarsel og meir gebyr.

Det første kravet på 94.- er riktig. Med unntak av gebyr – resten er berre "rot – frå ende til annan"

Kjære Jesper Melin – Har du kontroll på selskapet ? Eg dette planlagt policy for å auke inntektene (gebyr er god butikk) ? . Kva med litt service ovanfor kundane (sjølv om det er legane som er dine kundar).

Vi kjenner vel alle til mediaomtalen – der Melin Medical tek (etter Helsedirektoratets oppfatning) ulovleg gebyr for betalingtjenestene.


Eg blir sjølvsagt bekymra når eit slikt betalingssystem får pris for årets grunder. Men det bekreftar vel berre det vi alle veit. At pengar for nokon betyr alt her i denne verda (også dei som leverte ut prisen)

Som proffesjonell aktør i bedriftsmarkedet – bør du vite at sidan eg har sendt innsigelse på kravet (pr epost 17.06) – kan du ikkje sende dette til inkasso. Då må du/de ta ut forliksklage.

Det høyrer og med til (mi) historie – at eg ifjor sende mail til Melin Medikal – om forberingspotensiale på terminalen. Dette var i god tru på at dei ønskte innspel. Men svar har heller ikkje kome her.

Imøteser ei grundig forklaring - både på betalingssystemet ovanfor eldre – og innkrevingsmetodar når det føreligg spørsmål/innsigelse.

Mvh - på vegne av mi mor - Lars Bjørkeland, Sandane

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar